I dag går alarmen!

Det er på nytt tid for å teste systema som skal varsle om fjellskred i Storfjorden. Fleire enn før vil få melding.
I dag sender vi fjellskredvarsel til dei som er i nærleiken av Storfjorden. Mellom klokka 15.00 og 15.30 i dag vil både telefonvarsel og sireneanlegg bli testa. Om du oppheld deg slik at du kan blir råka av ei tsunami bølje frå Åkneset vil du i dag få ei tekstmelding eller ei oppringning til telefonen din. Du treng ikkje å foreta deg noko.
Vi meiner det er betre at fleire får informasjon, enn bære dei som oppheld seg akkurat i evakueringssona. På torsdag vil derfor mange som ikkje før har motteke varsel, få eit varsel til sin telefon. Vi har 25 sireneanlegg langs fjorden som også vil bli testa i dag.
Etter testen kan du gi oss tilbakemelding her: https://app.easyquest.com/q/d2QCo