Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

 

Pressemelding om varslingsøvelse - 2021
Onsdag 12. Mai 2021 mellom kl. 12.00 – 14:00, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema: Les mer

Onsdag 12. Mai 2021 mellom kl. 12.00 – 14:00, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell
fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.
 
 
Onsdag 12. Mai 2021 mellom kl. 12.00 – 14:00, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.
 
 
Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller
oppringing til din telefon.
I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa.
 
Dette gjelde sireneanlegg i Stranda, Fjord kommune, delar av Ålesund kommune, samt delar av Sykkylven kommune.
 
Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på www.aknes.no eller
på link på kommunen sine heimesider.
 
Vi oppfordrar til å informere barna om denne testen på førehand.
 
Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.
 
ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst.
 
Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 48503988
 
Lenke til spørjeundersøking: https://app.easyquest.com/q/n5P6Y

 

 

  Tittel Oppdatert
Pressemelding om varslingsøvelse - 2021 05.05.2021 12:52:24