Overvåkning

Arbeidet med overvaking av Åkneset starta opp i 1986, og ved Hegguraksla i 2001

For å sikre stabile og kontinuerleg overvaking er det nytta fleire uavhengige overvakingssystem. I Åkneset er det nytta GPS, totalstasjon, bakkebasert radar, strekkstag, laser, geofonar, vinkelmålarar. I djupe borehol er det måling av bevegelsar, vassnivå, temperatur og ledningssevne i vatn.

Overvakinga ved Hegguraksla er basert på måling av avstand mellom ein bakkebasert radar i Fjørå og opp til reflektorar i fjellet, strekkstag, vinkelmålar og akselerometere som måler rystelsar.

Det er mange eksempel både i Noreg og internasjonalt at store fjellskred gjev mange signal lenge før skredet går. Dette er auka rørsler, ristingar og småskred. Både i Tafjord og Loen var det observert auka rørsler over opne sprekker i fleire år før skreda gjekk. I St. Niklaus i Sveits er det utført vellykka beredskap på basis av kontinuerleg overvaking. Her vart det registrert auka rørsler i over 4 månader før skredet gjekk, og særleg dei siste 14 dagane før skredet gjekk 22 november 2002 vart det observert ein dramatisk akselerasjon. Rørslene var 11 dagar før raset på 9 mm/dag, men auka til ein hastigheit på over 900 mm/dag om lag 4 timer før raset gjekk. Dette er 100 gonger auka hastigheit i løpet av 11 dagar.

Kontinuerlege overvakingsdata frå Åknes syner at det er ein jamn rørsle med enkelte periodar med klart høgare rørsle og seismisk aktivitet i periodar med mykje nedbør eller snøsmelting.

Overvakinga så langt syner at instrumenta er i stand til å måla endringar i rørsler og deformasjonar i fjellsida.

Den kontinuerlege overvakinga i Hegguraksla har ikkje påvist noko rørsle, men det er indikasjonar på nokre mm rørsle ved den øvre fjellblokka. Vidare er det indikasjonar på sesongvariasjonar, noko som kan indikera ustabilitet. Det er også dokumentert enkelte periodar med mange utslag på akselerometeret ved den nedre fjellblokka.

Det er gjort geologiske undersøkingar av ei rekkje andre potensielle ustabile fjellparti ved Storfjorden, og det er gjort GPS målingar ved ein del av desse objekta. Så langt er det ikkje dokumentert klart rørsler i desse, sjølv om det ikkje kan utelukkast ved nokre objekt