Radarkartlegging av ustabile fjellpart i Oppdølstranda

 

På grunn av problem med skred og steinsprang på Fv 70 i Oppdølstranda har Åknes / Tafjord beredskap på oppdrag frå Statens vegvesen utført skanning med  bakkebassert  rader.  Målingane starta opp i 2010 og vil fortsette i 2011.

Dette er same metode som blir brukt til overvaking i Åkneset og Mannen, men den har også vist at den er godt eigna til identifisering av mindre ustabile fjellparti og blokker, og er svært godt eigna å bruke i bratte fjellsider.  Ei slik kartlegging vil kunne nyttast av Statens vegvesen når dei skal gjere fysiske tiltak som reinsking eller oppsetjing av fanggjerder.

Førebels resultat av  målingane til no viser at det er ingen store ustabile fjellparti langs Oppdølstranda, men nokre mindre ustabile område som Statens vegvesen vil følgje opp.  Rapporten som inkluderer målingane frå våren 2011 er ikkje ferdig

Les meir i Åknesrapport 01-2011


Radar på plass ved Oppdølstranda