Beredskap

Åknes / Tafjord Beredskap har i dag operativ beredskap for dei to objekta Åkneset i Stranda- og Hegguraksla i Norddal kommune. Beredskapen på desse objekta består av overvaking og varsling av eventuelle fjellskred med påfølgjande flodbølgje.

Eventuelle tiltak blir planlagt ut frå fem førehandsdefinerte beredskapsnivå og er tilpassa det til ei kvar tid gjeldande risikonivå.
Overvakinga av Åkneset og Hegguraksla skjer ved hjelp av måleinstrument som er plassert ute i fjellet. Dette er blant anna strekkstag, laser, radar, GPS, klimastasjon, seismisk overvaking og overvaking i djupe borehol. Data blir kontinuerleg overført frå fjellet til beredskapssenteret på Stranda.
Frå beredskapssenteret kan det ved fare varslast direkte til befolkinga gjennom tyfonar eller automatisk telefonoppringing.

Det er registrert tlf. nr til alle som bur eller oppheld seg fast i faresona for flodbølgje langs Storfjorden slik at det kan sendast ut melding til desse ved fare. I tillegg blir det sendt ut SMS til mobiltelefonar som oppheld seg innan rekkevidde til basestasjonar som dekker faresona.

I alle bygdene langs Storfjorden i kommunane Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog er det plassert ut tyfonar som vil bli løyst ut ved fare.
Ved fare for flodbølgje som resultat av fjellskred som kan gå i fjorden vil det bli sett i gang flytting / evakuering bort frå dei utsette områda.

Både private og offentlege verksemder kan setje i gang flytting til ny trygg stad av eigne verksemder dersom situasjonen krev det. Normalt skal all flytting av offentlege verksemder vere koordinert av fylkesmannen.

Evakuering er rask flytting av personar etter ordre frå politiet. Dette gjeld alle som oppheld seg i faresona, og berre menneske blir prioritert ved evakuering til trygg stad.